Pianist

Torgeir Kinne Solsvik (f. 1979) kjem frå Vikøy i Hardanger og er utdanna pianist, kammermusikar og akkompagnatør frå Griegakademiet i Bergen (cand.mag) og Conservatorium of Music i Sydney (grad.dip). Han har blant andre studert med Geir Botnen, Jan Hovden, Jiri Hlinka, Gerard Willems, Nikolai Evrov og David Miller.  

Den tidlege fordjupinga i Grieg og Tveitt sin musikk resulterte i eit dobbel-album på Vestnorsk plateselskap i 2001 beståande av Tveitt sitt op. 150 «50 folketonar frå Hardanger» og Grieg sitt op. 72 «Slåtter». Med Tveitt-musikk på programmet har Solsvik spela konsertar i Tyskland, Austerrike, USA, Australia, Latvia, Russland, Sri-Lanka og Kina. I 2005 framførte Solsvik Tveitts 1. Klaverkonsert og i 2007 hadde han den musikalske hovudrolla i regissør Sondre Bjørgum sin dokumentarfilm om Geirr Tveitt, «Baldurs draumar». I 2010 gav Solsvik ut eit nytt Tveitt-album «Piano Works and Songs» saman med baryton Ørjan Hartveit. 

Eit allsidig musikalsk samarbeid med songarar og instrumentalistar spenner frå klassisk romanserepertoar til duduk og armensk folkemusikk. Frå Beethoven-soloalbumet i 2014 til duo-albumet «Eufoni» i 2021 med panfløytist Roar Engelberg, er i tillegg trio-samspelet med songar Anne Cathrine Eiken og saxofonist Arvid Aasprang jamleg på kalenderen.

(Foto: Eric Clement)