CD`ar / DVD`ar

Cd`en frå -98 innheld verk av Smetana, Beethoven, Prokofiev og Schumann. «50 Folketonar frå Hardanger» av Geirr Tveitt og «Slåtter» av Edvard Grieg er ein dobbel-cd som kom ut på Vestnorsk plateselskap i 2001. I 2005 spela Solsvik inn «Ballade» av Grieg, «Papillons» av Schumann og «Bilder frå ei utstilling» av Mussorgsky. Denne cd`en kom ut i 2007. «Geirr Tveitt Piano Works and Songs» er ei utgjeving som bl.a inneheld fem fyrstegongsinnspelingar. Her medverkar baryton Ørjan Hartveit på heile 16 av Tveitt sine songar. Edvard Grieg-innspeling av Haugtussa, Norske Folkeviser og Holberg-suite kom ut i 2011. Ranveig Helen Lægreid tolkar Haugtussa-songane. I 2011 ga Kinnepiano òg ut ei Schumann/Grieg innspeling. John Kristian Karlsen , tenor, frå Fauske syng Dichterliebe og eit utval Grieg-songar. Sonate op.7 er soloverket på denne cd`en. Siste utgjeving frå november 2012 er med den russiske sopranen Olga Sosnovskaya som i samspel med Torgeir Kinne Solsvik  tolkar 18 songar av Rachmaninov samt «Lyrics of Pushkin» av Boris Tchaikovsky.

I dokumentarfilmen «Baldurs Draumar» (regi: Sondre Bjørgum) har Torgeir Kinne Solsvik den musikalske hovudrolla.

[nggallery id=5]